Most recent comments
Jogging og blogging
Are, 9 måneder, 1 uke
Liveblogg nyttårsaften 2016
Are, 9 måneder, 1 uke
Reading in dark times
Are, 11 måneder, 1 uke
Moldejazz 2016
Camilla, 1 år, 2 måneder
Dørskilt
Karoline, 1 år, 3 måneder
Halifax
Tor, 1 år, 4 måneder
Sony Smartwatch 3 review
Tor, 1 år, 4 måneder
Numerikk, takk
Tor, 1 år, 4 måneder
Topp tur
Camilla, 1 år, 6 måneder
Tolkien reading day
Tor, 1 år, 6 måneder
50 book challenge
Camilla, 9 måneder, 2 uker
Ten years ago
Oppdageren Tor
Tor
Controls
Register

Fysikktime

Jeg skrev på høsten i fjor om hvordan jeg skal begynne å skrive leserinnlegg, siden jeg umulig kan være så mye verre enn alle de andre tullingene som er på trykk med drøye påstander. Se på Jon Hustad, for eksempel. For tre uker siden skrev han en artikkel i Dag og Tid der han slaktet Miljøpartiet De Grønne for ikke å ha forstått fysikk, samtidig som han demonstrerte at han ikke har full kontroll selv heller. Han snakker om hvorfor fornybar energi er dyrt, og forklarer:
Kvifor er det slik? Det er nokså enkelt: Fossilt brennstoff inneheld så enormt mykje meir energi enn all fornyeleg energi.

I tillegg til å være språklig litt sånn halvveis er denne setningen fullstending meningsløs. Energiinnholdet til fossilt brennstoff kan man snakke om, det er helt vanlig, og måles gjerne i Joule pr kg eller noe i den dur. Energiinnholdet til fornybar energi, derimot, er for å si det mildt ikke akkurat en veldefinert størrelse, med mindre han faktisk mener det bokstavlig. I såfall er det 1, og lar seg ikke enkelt sammenligne med noe som måles i Joule pr kg.

Uansett, jeg følte at tiden var inne for å gripe pennen, og sammen med biveilederen min fra doktorgraden forfattet jeg et svar som kom på trykk i dagens Dag og Tid. Tusen takk til Jørgen (og Tonje?) og Sigbjørn for korrekturlesing av nynorsk. Framifrå innsats, gutar (og jente?). Eventuelle feil som snek seg forbi skyldes nok slurv fra min side.
Camilla, Are, Karoline, Ole Petter likes this

Comments

Camilla,  15.06.13 09:03

Jeg har til tider tenkt at det er trist at gode poenger kun dukker opp på Calcuttagutta.

Ole Petter,  15.06.13 11:37

Kult! Er det mulig å legge ut leserinnlegget i sin helhet?

Tor,  15.06.13 23:25

Jeg skal sjekke med min medforfatter. Antar det er greit, siden det allerede er tilgjengelig for offentligheten.
Tor,  21.06.13 15:24

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) får hard medfart av Jon Hustad i Dag og Tid frå 24. mai. Under overskrifta «Grøn naivisme og idealisme» kritiserer han partiet for å forstå korkje økonomi eller fysikk. Om MDG sin visjon om eit klimanøytralt samfunn med framtidsretta energiformer seier han «Kva veit vi om det samfunnet? Nokså mykje, for energi er fysikk.» Utan å ta stilling til kor vidt Miljøpartiet Dei Grøne er naive idealistar eller ikkje, ynskjer vi å påpeike at Jon Hustad sjølv ikkje kan ha følgt nøye med i fysikktimen. Med utsegn som «Fossilt brennstoff inneheld så enormt mykje meir energi enn all fornyeleg energi» syner Hustad til dømes at han ikkje vegrar seg for å samanlikne udefinerte storleikar, og vekkjer slik ikkje den heilt store tilliten til eigne betraktningar.

Om lag ein tredel av artikkelen til Hustad omhandlar boka Sustainable Energy - Without the hot air av professor i ingeniørvitskap David MacKay. Hustad skriv at «Ingen har stilt spørsmål ved utrekningane til MacKay», men etter å ha lese kapitla som gjeld solenergi må vi peike på nokre feil som Hustad vidareformidlar ukritisk. I følge Hustad syner MacKay i boka at ved å dekkja 5% av Storbritannia sitt areal med solceller kan britane produsere «litt meir energi enn det som går med på å flytta heile den britiske bilparken». La oss sjå nærare på denne påstanden.

MacKay brukar jamt over låge estimat for potensialet solceller har for å laga elektrisitet. Til dømes antek han at solceller i framtida vil ha ein effektivitet på 10% i berekningane fordi han trur at solceller med låg effektivitet vil vera billegast. Dette var kanskje tilfellet då boka blei skriven, men i dag er prisen på solpanel (målt i €/W) på verdsmarknaden omtrent den same for gode og dårlege panel [1]. Då kjøper folk sjølvsagt dei gode panela, med høgast effektivitet fordi ein kan klare seg med mindre panel. MacKay er òg for pessimistisk til kor effektive solceller kan bli. Dei beste solcellene i dag har ein effektivitet på omlag 36%, og ein håpar å oppnå opp mot 50%.

I staden for MacKays låge estimat kan vi gjere berekningar for potensialet ut frå måledata for innstrålt solenergi. Innstrålinga i den sørlege delen av Storbritannia ligg på i underkant av 1100 kWh/m2 i året [2], på ei horisontal flate. (Ei skråstilt flate vil motta høgare solinnstråling, men ein kan då ikkje dekkje heile arealet med solpanel på grunn av skugging av bakomliggjande panel.) Om vi antek 12% effektive solcelleanlegg finn vi at ein ved å dekkja 5% av arealet til Storbritannia kan produsere kring 1500 TWh i året. Til samanlikning var heile energiforbruket til britane omlag 2400 TWh i 2011 [3]. Med andre ord, 5% av arealet til Storbritannia dekt av solceller kan dekkja omtrent to tredelar av heile energibehovet. Om dette er ein god idé er ei anna sak.

Vi vil oppfordre Jon Hustad til å sjekke kjeldene sine litt meir kritisk, slik at fakta han legg fram er korrekte og oppdaterte. Han vil vel ikkje ende opp med terningkast éin for sitt eige truverde?

1: pv.energytrend.com
2: re.jrc.ec.europa.eu/pvgis
3: www.gov.uk/government/publications/energy-consumption-in-the-uk

Tor Nordam og
Turid Worren Reenaas, Institutt for fysikk, NTNU
Camilla, Are likes this