Most recent comments
Liveblogg nyttårsaften 2017
Tor, 11 months, 2 weeks
Jogging og blogging
Are, 1 year, 11 months
Liveblogg nyttårsaften 2016
Are, 1 year, 11 months
Reading in dark times
Are, 2 years
Moldejazz 2016
Camilla, 2 years, 4 months
Dørskilt
Karoline, 2 years, 5 months
Halifax
Tor, 2 years, 5 months
Sony Smartwatch 3 review
Tor, 2 years, 6 months
Numerikk, takk
Tor, 2 years, 6 months
Topp tur
Camilla, 2 years, 8 months
50 book challenge
Camilla, 11 months, 2 weeks
Ten years ago
Kurs for brukere
Tor
Controls
Register

Formeloversetjer

I dag har eg programmert. Men i motsetjing til vanlegvis har eg ikkje programmert i Python, men i Fortran. Fortran er eit fælt programmeringspråk, som vart funne opp på den tida ein framleis nytta holkort, ei arv Fortran ikkje byrja å kvitte seg med før for få år sia. Til dømes må ein deklarere alle variablane før ein tek inn noko input. Kva tid virka det som ein god idé? spør eg berre.

I alle høve, eg greidde, trass motgang, å skrive to program. Det eine rekna ut det 10000000de Fibonacci-talet, som ser ut til å verte -22184, stikk i strid med det ein skulle vente. Men dei var kanskje ikkje så nøyne på det på femtitalet. Det andre progammet mitt simulerte eit skrått kast, og det såg ut til å fungere greitt. Ballen datt i alle høve nedover, som var det eg venta. I morgon skal eg prøve meg på noko meir avansert som innebær å definere nokre funksjonar eller noko i den dur. Det blir framifrå.

Òg: I morgon: Ein ekte artikkel på nynorsk.

-Tor Nordam

Comments

Camilla,  02.06.09 04:57

Heiter det ikkje innebér? Eller trur eg berre det fordi klokka er 4 om natta?

Tor,  02.06.09 07:08

Det ser ut til å heite inneber, syner det seg.

Jørgen,  03.06.09 01:02

I stedet for en ekte artikkel på nynorsk, hva med en artikkel på ekte nynorsk?
Tor likes this

Kjellove,  03.06.09 04:42

Eg samtykkjer.

Tor,  03.06.09 09:03

Oioioi, den var ikke så rent lite frekk.

Host, kremt.

Da trur eg dykk må skriva han sjøl.
Category
Technology
Tags
programmering
fortran
Views
2519